Skip to content

Fruktbare Helgøy

På den vesle øya Helgøy i Årdalsfjorden bur storfamilien Helgøy. Øya er kjent for å vera fruktbar på eple, pærer, plommer, moreller -og barn! På dei to fruktgardane er det planta om lag 40 000 frukttre etter det moderne tettplantingsprinsippet. Frå blomstringa i mai og til dei siste eplene blir hausta i slutten av oktober er det hovedsesong. Då er det full aktivitet på øya, og opplevinga er mange og varierte for både auger, luktesans og ikkje minst for smakssansen!

IMG_2361

Ein frodig fruktgard i Ryfylke

Helgøy er ei lita øy i munninga av Årdalsfjorden. Øya ligg i frodige Ryfylke, eit område som er kjent for å ha lange tradisjonar innan fruktdyrking. Det er mange som blandar oss med Helgøy i Sjernarøyane i gamle Finnøy kommune. Den Helgøya ligg litt lengre inn i fjorden.
Les meir om Helgoy

Familien Helgøy

Kristen vaks opp på garden saman med foreldre og 4 søsken. Dei levde av frukta før faren Jon Arne kjøpte seg ein skyssbåt og begynte å føra skuleungar til fastlandet. Etter kvart som Helgøy Skyssbåt vaks fram utdanna Kristen seg til skipper. Nå trivs han godt med variasjonen med å vera på sjøen og på garden.
Les meir om oss

IMG_3026
d65114d4-6641-4b6c-9911-107f707e3e91
IMG_2079
IMG_2863-2_web
IMG_2858-3_web2

Følg Anne Norunn og Kristen på Instagram @epleriet

Back To Top